Ski og kajakk

Skrevet av Eirin Myklebust


☞ Tekst av Eirin Myklebust

Etter eit par dagar innandørs med oppgåveskriving begynte kroppen å seie i frå. Føtene klarte ikkje å halde seg i ro, og konsentrasjonen begynte å nærme seg slutten. Forøvrig begynte vel også skisessongen langs fjorden å nærme seg slutten. Frå stovevindauget såg vi over på andre sia av Voldsfjorden. Her låg det forstatt kvitt heilt ned i fjøresteinane. Frida peika entusiastisk over på fjellerekka seier på skikkeleg bergensk: «Hallaien! Nå har vi faktisk dyttet nok skole inn i knollen. Sjekk ut bakken på andre siden der…»  Det var ikkje i tvil. Morgondagens tur var eit faktum.

Det såkalla «ski and sail» fenomenet som herja blandt toppturentusiastar i Noreg freista oss, men med studentøkonomi og ingen tilgong på seglbåt måtte vi tenke anleis. Folkestad-ferga var kanskje eit alternativ, men vi ville gjennomføre heile turen for eiga maskin. Neste dag stod vi derfor nede ved fjøresteinane med padleårer i henda og skia godt festa på toppen av kajakken.

Utallege padletak og 3 km seinare var vi komen over til Folkestad. Då var det av med tørrdrakta og på med goretexen. Første del av turen var kanskje ikkje av den mest eksotiske sorten. Her var det trasking langs asfaltvegen med stive skisko til vi kom på toppen av bustadsområdet. Derifrå kunne vi spenne på oss skia. Etter nokre minutt med skigåing møtte vi på ei aldri så lita hindring. Hadde vi verkeleg bomma så mykje på vegvalet? Framfor oss var ei bratt helling på rundt 50 høgdemeter med mykje tilblåst snø, kor bauting var eit uaktuelt alternativ. Vi vart einige om å prøve likevel, og med skia festa på sekken og stavane festa til armane byrja vi å kave oss oppover bakken med snø opp til livet. For kvart steg vi tok sklei vi nesten heilt ned igjen til der bakerste fot stod. Eg trur dei fleste ville ha snudd her, men vi ville overvinne denne hindringa.

To timar var no gått, og dei 50 høgdemeterane låg endeleg bak oss. Resten av oppturen valte vi å kalle sjarmøretappen, og det var den verkeleg i samanlikning med det vi hadde lagt bak oss. Gleda var stor når Frida, Oda og eg stod åleine på toppen av Storetuva med ei nydeleg panoramautsikt og ein varm kopp kakao i handa. Det heile vart toppa med ei fanastisk nedkøyring. Med eit stort smil om munnen satte vi sving etter sving med utsikt rett ned i fjorden.  Eg trur jammen at smillet satt like godt då vi igjen sat i kajakken på veg tilbake til Volda.

Det var ikkje så aller verst å bytte seglbåt med kajakk!



Kontor for samfunnskontakt ved Høgskulen i Volda er ansvarleg for bloggen MittSunnmøre.no.
Alle innlegga er skrivne av tidlegare eller noverande studentar ved høgskulen.


kommunikasjon@hivolda.no ⎪ © Høgskulen i Volda