Sætrehornet i Hornindal

Skrevet av Sara Bergland


☞ Tekst og foto av Sara Bergland

Sætrehornet i Hornindal er eit fint turmål som passar alle. Med sine 852 meter over havet byr fjelltoppen på nydeleg utsikt. 

Denne sommaren har Sunnmøre verkeleg fått vist seg frå si beste side. Moglegheitene for å ta på seg turskoa og tursekken har vore større enn nokon gong – og denne dagen var heller intet unntak. Vi bestemte oss for å bestige Sætrehornet (852 m.o.h) i Hornindal kommune, ein halvtimes køyring frå Volda.

Turen startar på ein kjærreveg før ein kjem opp til ein nydeleg foss der stien går vidare oppover. Her er stien ganske bratt, men ein går ikkje langt før ein kjem opp til ei idyllisk sæter der også den første boka ein kan skrive seg inn i, befinn seg. Vidare er det enkelt å ta seg opp dei siste høgdemetera til toppen.

Blåbæreldorado
Om du er glad i blåbær er denne turen heilt perfekt. Gjennom heile råsa opp til toppen kunne ein finne mykje god blåbær. Medan ein går oppover får ein fleire små glimt av ei nydeleg utsikt gjennom skogen, både til fjella rundt, men også Hornindalsvatnet og delar av bygda Hornindal. Men ein har mykje å sjå fram til når det kjem til utsikta, for når ein endeleg når toppen kan ein sjå langt ut over høge, vakre fjell som stig opp frå Hornindalsvatnet. 

Denne turen passar for alle. Den har ca. middels vanskelegheitsgrad, der første del går litt bratt oppover. Midtvegs får ein ei god pustepause før ein byrjar på siste bratta til toppen som byr på nydeleg utsikt. 

God tur!     



Kontor for samfunnskontakt ved Høgskulen i Volda er ansvarleg for bloggen MittSunnmøre.no.
Alle innlegga er skrivne av tidlegare eller noverande studentar ved høgskulen.


kommunikasjon@hivolda.no ⎪ © Høgskulen i Volda