Mikroeventyr

Skrevet av Ragnhild Urtegård Haugen


☞ Tekst av Ragnhild Urtegård Haugen
☞ Foto av Ragnhild Urtegård Haugen og Oda Larsen Lunsæter

Oppskrifta på turglede må ikkje innehalde ord som stort, høgt, hurtig, langt, fjernt og ekstremt for å verte ein suksess.  

Nervar i høgspenn og prokrastinering går igjen blant oss studentar i desse vårtider, samstundes som det er vanskeleg å konsentrere seg innandørs i tett og dårleg luft. Beina kriblar liksom litt ekstra, og trangen for å komme seg ut på eventyr blir endå større. 

I Volda er det for dei aller fleste mulig å finne på nye sprell i umiddelbar nærleik, likevel har mange ei vrangforestilling om at nye eventyr alltid krev at ein har rikeleg god tid. 

Denne kvelden i april var vår gode tid totalt fråværande; det var få timar til det vart mørkt og vi var på nippet til å verte desperate. Kva i alle dagar skulle vi finne på? 
– Kva med Rotevatnet rundt, spurte eg.
– Rotevatnet rundt, svarte Oda og såg spørjande på meg vel vitande om at jogging rundt Rotevatnet ikkje er det som står høgst på mi prioriteringsliste når eg vil ut. 

Etter å ha forklart at turen rundt Rotevatnet denne kvelden skulle foregå på vatnet, og ikkje kom til å innebære verken svett treningstights, gnagande joggesko eller høg puls vart ho straks meir interessert. Kort tid etter var kajakkane godt sikra på biltaket og vårt mikroeventyr i gong.

Som dei fleste veit ligger Volda sitt mest berømte vatn sentralt plassert, av og til kan ein nesten beskylde det for å vere litt for tilgjengelg. For oss med kajakk derimot var det ikkje fullt så lett; isen låg fortsatt som eit kaldt teppe ved Årneset, og ved Vassenden var fortsatt vegarbeidet i full sving. Løysinga vår vart Volda Golfklubbs romslege parkeringsplass. Etter å ha slitt kajakkane over et vått jorde pusta vi letta ut, tok redningsvesten på, satte oss i kvar vår skute og padla avgårde i retning nordvest. 

Rotevatnet er verken Nærøyfjorden eller Helgelandskysten, la oss vere enige om det. På vårt lille mikroeventyr rundt Rotevatnet møtte vi derfor ingen selar, ingen overivrige hurtigpadlarar, ingen journalistar frå NRK, ei heller gigantiske cruiseskip og idyllisk skjærgård. Det vi møtte var tre ender og den gode kajakkfølelsen. Vi fekk sjå verda frå ein annan vinkel, vi fekk høyre lyden av delvis smelta april- is mot årene, og vi fekk kjenne at vi var små og verda stor. Vi fekk ein pause frå livet på land, og vi følte oss flytande. Til desse føremåla er Rotevatnet heilt perfekt. 

Det er begrensa kor mykje ein kan skrive om eit lite mikroeventyr, det er jo nettopp det denne turen var. Mikro. Poenget er at alle turar og eventyr ikkje trenger å vere i makrostørrelse. Oppskrifta på turglede må ikkje innehalde ord som stort, høgt, hurtig, langt, fjernt og ekstremt for å verte ein suksess. Om «Rotevatnet Rundt» høyrest for høgtsvevande ut for akkurat deg, fortvil ikkje. Ditt neste eventyr er rett rundt hjørnet, om det så berre er å gå på oppdagelsesferd i skogen bak huset, ha piknik utandørs eller å tilbringe ei natt i telt i hagen. Det kan fort verte eit lite mikroeventyr det også.



Kontor for samfunnskontakt ved Høgskulen i Volda er ansvarleg for bloggen MittSunnmøre.no.
Alle innlegga er skrivne av tidlegare eller noverande studentar ved høgskulen.


kommunikasjon@hivolda.no ⎪ © Høgskulen i Volda