Kolåstinden

Skrevet av Eirin Myklebust


☞ Tekst og foto av Eirin Myklebust

Det verkar som om Kolåstinden er litt slik som Rosethornet; du kan ikkje seie du har budd på
Sunnmøre før du har vore på toppen. Fjellet er jo trossalt Kongen av Sunnmøre, fjellet som mange
snakkar så varmt om, fjellet som alle skientusiastar i regionen reiser til. 

Det er tidleg på morgonen ein onsdag i februar. Gradene viser 12 kalde blå, og Kathrine og eg står ved parkeringa i Standdalen. Vi er av dei som etter snart tre år i Volda endå ikkje har karra oss opp dei bratte fjelsidene og opp til toppen av «Kongen». Riktig nok har vi vore på utallege andre fjell i området, men i dag har vi altså sett oss ut sjølvaste juvelen. 

Vi løftar blikket å ser opp mot dei høge tindane. Sætretindane badar allereie i deilig varmt sollys, og vi skundar oss på med skia slik at vi kan kome oss vekk frå skuggen og kulda. Vi har sett oss ut normalvegen som går gjennom Kvanndalen mot Appelsinhaugen, opp gjennom Stretet, sørover breen og opp til Kolåstinden. Ei rute på om lag 6 km og 1000 høgdemeter. Den første motbakken går seint. Kroppen er kald, men varmen smyg seg fram i takt med dei små raske skritta. Omsider står vi begge i sola. Vi tar fram kameraet og fangar dei første solstrålane gjennom objektivet. For ein dag dette skal bli!

Den første timen har reist av garde, og vi som var dei første på veg opp har allereie blitt forbigått av fire andre skigåarar. Kanskje vi skulle ha hatt ein raskare gange slik at vi hadde fått dei fyrste spora ned att? Nei, i dag har vi ikkje noko hastverk, i dag skal vi nyte kvart einaste sekund, snøen ligg der uansett. Vel framme ved Appelsinhaugen tek vi oss ein velfortjent pause. Soloflaska og nistepakka kjem rask ut av sekken. Vi set oss ned ved ein stein med utsikt over Kvanndalen og
vegen vidare gjennom Stretet. Praten går i eitt om kor heldige vi er som får ha denne fjellheimen som næraste nabo. 

Rett før Stretet tar vi fram spaden og grev ut ei blokk for å undersøke snølaget. Varsom har meldt om skredfare 2, der fokksnø er skredproblemet. Vi har ikkje lyst å hamne i ei bratt side for så å plutseleg finne ut at der ikkje er trygt. Ut i frå våre vurderingar er det gode forhold for å gå opp Stretet som har ei helling på over 40 grader. Sjølve bakken ligg i skuggesida, og i toppen er der ei kløft som er to meter brei. Det heile ser ut til å være som ein inngangsport til solriket. Kathrine går først igjennom, og eg følgjer etter. Med eitt ser vi juvelen, og jublar høgt av glede over å være ute denne fantastiske dagen. Kolåstinden strekkjer seg høgt opp mot himmelen. Heile 1432 meter høg er toppen. No gjenstår berre ein kilometer med trasking over breen, før vi kan ta av oss skia og begynne på dei siste høgdemeterane til toppen.

På breen ligg der allereie fine skispor oppåver, sikkert frå i går. Vi følgjer desse, og tida over breen går raskt. Vi skiftar til stegjern, tar isøksa i handa og går mot toppen. Den siste bakken er bratt, men det som møter oss er vel verdt strevet. Utsikta er storslagen med heile 360 graders utsikt til eit hav av tindar. Dette må være ein av dei meir sjeldne dagane på toppen av Kolåstinden. Det er ikkje eit vindpust i lufta, ikkje ein gong ei sky på himmelen. Atter ein gong må vi sette oss ned med nistepakka i handa. Atter ein gong må vi nyte naturen, utsikta og studenttilværelsen, før vegen heimover kan ta fatt.

Takk for turen! 



Kontor for samfunnskontakt ved Høgskulen i Volda er ansvarleg for bloggen MittSunnmøre.no.
Alle innlegga er skrivne av tidlegare eller noverande studentar ved høgskulen.


kommunikasjon@hivolda.no ⎪ © Høgskulen i Volda