Fjellet som er nært Volda, men ikkje mainstream

Skrevet av Tarjei Engeset Ofstad


☞ Tekst av Tarjei Engeset Ofstad

Som student i Volda vil ganske mange raskt få seg ein tur på dei «obligatoriske» toppane Rotsethornet og Melshornet. Er du glad i å ferdes i fjellet, vil du etterkvart trenge å utvide territoriet. Fjellfie på Melshornet byrjar å bli parodisk mainstream. Det problemet har ein på ingen måte på andre sida av Voldsfjorden. Kva er vel betre enn å kunne gjere dette utan å vere avhengig av bil? Du vil bli lønna med fullkommen utsikt mot studiebygda, eit hav av fjordar, og Sunnmørsalpane.

Tidsbruk:
Løping: 2-3 timar Gange: 5-6 timar

Lengde:
14 kilometer tur-retur ferjekaia, 10 kilometer i terreng.

For å gjennomføre denne turen, er det berre å ta ferga over til Lauvstad og sette i gang. Hugs å ta riktig ferje, elles ender du opp på Folkestad i staden for Lauvstad. Turen passar både for den som vil springe mesteparten av distansen, og for den som vil traske roleg og nyte turen. Ein bør ha kart tilgjengeleg på telefon eller på godt gamaldags papir, for å finne startpunktet utan for mykje om og men.

Gjer det vi ikkje gjorde: Ta snarvegen til høgre umiddelbart etter kaia, så kjem du opp på hovudvegen med ein gong og følger den eit lite stykke. Ta så til venstre opp på ein mindre asfaltveg. Etterkvart går han over til å vere grusveg, så skogsveg. Litt inni skogen er det først skilta mot Snøhornet, så mot setra på Sæsshaugen nokre meter bortanfor.

2. juli 2017 – Fly som ei ørn over flyer og åser
Det var på høg tid å kome seg opp på den interessante fjellformasjonen eg hadde sett frå stuevindauget i tre år. Eg inviterte ein spreking frå kollektivet mitt, Thomas, med på løpetur.

Vi rulla ned til Volda ferjekai på syklar. Frå Lauvstad sykla vi så dei første 180 høgdemetarane, det meste på asfalt. Det er berre to kilometer, så det går fint an å gå også, om ein heller vil det. Eg og Thomas syntest det var best å sette kurs mot Sæsshaugen først. Stien er relativt god, og det er laga til med heller der det er bratt, og det er bru over elva. Ved å velje denne varianten fekk kroppen tid til å vakne før dei tyngste bakkane, og vi la til rette for ein prima rundtur.

Etter setra kom vi raskt over tregrensa og utsikten vart betre og betre opp mot Bekarshornet. Derifrå kom vi opp på noko som er ganske uvanleg på Sunnmøre: ei stor flate. Vi vart helsa velkomen av ei temmeleg uredd ørn. Bortover ryggen kunne vi nyte lett terreng, med orkesterplass for å skode utover Sunnmørsalpane: Liadalsnipa, Ørstafjorden, Saudehornet, Volda, Rotsethornet og Austefjorden er berre nokre få døme. Dessutan såg vi langt i retning Stadt i Sogn og Fjordane også. Dette var ein grå dag, så vi kan jo berre spekulere i kor mange namn ein lokalkjent person kan liste opp her på ein finvêrsdag. 

Så sto det berre att å forsere den siste motbakken opp til sjølve Snøhornet (1025 moh). Vel på toppen var vi altså over to hundre meter høgare enn toppen av Melshornet (807 moh) og nesten fire hundre metare høgare enn Rotsethornet (649 moh). Vi tok oss deretter mot vest og ned til Litledalen, der vi skremte opp ein velvaksen, kaklande rypestegg. Så var det opp på Bekarshornet og vidare til Snøhornet, som i reprise, for å få flytta beina litt ekstra når vi først var i høgda.

Etterpå sprang vi rett ned frå Snøhornet i retning syklane (ikkje ryggen vi kom opp). Vidare byksa vi nedover, i vakkert kulturlandskap langs ein gammal steinmur og forbi spreke spælsauar på beite. Plutseleg var vi nede ved dei to skilta der vi starta, og så var det berre å spurte bort til syklane og trille ned til Lauvstad og vente på neste ferje. Eg vil tilrå å ta med sykkel, nettopp for å kunne suse smilande tilbake, framfor å stavre seg ned med visne bein.



Kontor for samfunnskontakt ved Høgskulen i Volda er ansvarleg for bloggen MittSunnmøre.no.
Alle innlegga er skrivne av tidlegare eller noverande studentar ved høgskulen.


kommunikasjon@hivolda.no ⎪ © Høgskulen i Volda